DESIGN   

Eit godt design har mykje å bety for det ferdige produktet.
Dersom du har idéen, så kan me prøva å hjelpa til med å utarbeida designet.

Her viser me nokre eksempel på korleis utformingen av eit design vert til frå idé til ferdig produkt.

Eksempel 1 - Amla Nedre   

Amla Nedre er ein gård på Kaupanger som har lagt om drifta frå tradisjonelt husdyrhald til utleige av stallplassar. Den gamle fjøsen er bygd om frå å husa storfe til stall med 16 moderne boksar for hest. Det er også bygd ridehus og uteridebane. Amla Nedre har ikkje logo frå før men vil gjerne ha ei t-skjorte til å gi vekk til dei som leiger stallplass. T-skjorta må ha eit treffande og representativt motiv som profilerer stallen og samtidig kan bidra til samhold.

Prosessen med utformingen av eit slikt motiv eller logo kan delast opp i fleire steg:

Steg 1:
Amla Nedre beskriver forretningen, idéar, tankar og formålet med logoen og t-skjorta.

Skisser Amla

Steg 2:
Det vert utarbeida nokre enkle blyantskisser som dannar eit grunnlag for beslutning om det beste motivet.

Logo Amla





Steg 3:
På grunnlag av denne beslutningen vert logoen tegna ferdig i photoshop.

Ferdig Produkt





Steg 4:
Og til slutt vert t-skjorta trykt og levert.

Ferdig Produkt Rygg





Webadressa på ryggen profilerer Amla Nedre´s nettstad.

Eksempel 2 - Norsk Villakssenter i Lærdal   

Norsk Villakssenter i Lærdal er eit senter for laks og laksefiske. Der er store utstillangar og aktivitetar med laks i fokus. Eit godt besøkt reisemål både for turistar og lokale. Senteret har også ein butikk der dei sel artiklar og souvenirar relatert til laks, Lærdal og turisme. Dei sel og T-skjorter, men har eit ønskje om å få trykt sine eigne design.

Steg 1:
I eit møte med dagleg leiar får me ein idé om kva dei ynskjer.

Skisser Norsk Villakssenter

Steg 2:
Det vert utarbeida nokre forslag i blyant. Me har fått nokså fritt spelerom til å koma med eigne idéar. Dei vil gjerna ha fleire forskjellige t-skjorter inkludert nokre også for barn. I dette tilfelet blei det derfor laga forslag til fem forskjellige motiv.

Napp Lærdal Salomon Riverpirates Napp Lærdal Salomon Riverpirates

Steg 2:
T-skjortene vert tegna opp i photoshop, klargjort for trykking, produsert og levert.

Eksempel 3 - Design til eigen webshop   

Midgardsormen har eigen webshop på www.webshop.midgardsormen.no, og produserer eigne design for salg på nettet. Her vert idéar skissert i blyant, tegna opp, klargjort for trykk, produsert og lagt ut for salg på webshopen.

Chopper Chick:

Chopper Chick Chopper Chick Chopper Chick



Odin - Valhalla Series:

Odin - Valhalla Odin - Valhalla Odin - Valhalla



Tribaldesign:

Tribaldesign Tribaldesign Tribaldesign

Det var nokre eksempel på korleis ein idé kan bli til eit design for salg eller profilering.

Dersom du har tankar om noko tilsvarande, kontakt oss!
Me er her for å hjelpa!