SILKETRYKK   


Silketrykk er ein trykketeknikk brukt i Kina, Japan og Egypt allerede for fleire tusen år sidan. Ordet "silketrykk" refererer til trykkemetoden. Fargen vart pressa gjennom åpne felt i ein duk av silke for å skapa forskjellige mønster.

I våre dagar vert det for det meste brukt dukar av nylon. Metoden er egna til å trykka på mange ulike typar tekstilar, til og med forskjellig papir og plastikk. Utstyret som vert brukt i dag har naturleg nok utvikla seg, men prinsippet er det same. Det vert brukt ein eigen skjerm eller duk til kvar enkelt farge som skal trykkast.

Effektivitet   

Silketrykk er ein effektiv trykkemetode og gir rimelige trykk i ein masseproduksjon.
Trykkingen krever litt forbereding i form av framkalling av filmar og oppsetting av skjermar for dei ulike fargane i ein trykkemaskin.
Prisen på oppstart skal dekke desse kostnadane. Difor vert kvart einkelt trykk rimeligare ved høgare antal i produksjonen.

Bruk   

Silketrykket er også godt egna til bekledning. Fargande vert gode og klare. Det er svært slitesterkt, mjukt og behagelig og tåler hard vask.
Ein skal deriomot vere litt forsiktig med stryking. Det skal ikkje brukast strykejern rett på trykket, men kan strykast med svak varme frå vrangsida.